Jordskjelvet i Sendai 11. mars 2011

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart som viser jordskjelva i Japan i mars 2011.

Jordskjelvet i Sendai var eit jordskjelv i Japan den 11. mars 2011 130 kilometer aust for byen Sendai på den nordaustre kysten av Japan mot Stillehavet. Skjelvet målte 8,9 på Richterskalaen, og var det kraftigaste skjelvet i japansk historie, og det femte største registrerte skjelvet i heile verda nokon gong. Jordskjelvet utløyste ein tsunami som resulterte i store øydeleggingar ved kysten av Japan. Etter det store skjelvet kom det óg eit etterskjelv på 6,6 på Richterskalaen.

Tsunamien førte til store tap av menneskeliv og eigedom. Eit atomkraftverk i Fukushima på kysten av Japan vart óg ramma av tsunamien. På natta etter norsk tid, skjedde det ein eksplosjon i kraftverket. Ein liten tsunami trefte òg California i USA, men ingen vart bekrefta drepne. Mykje av grunnen til dette var at den amerikanske regjeringa hadde evakuert mange menneske frå dei råka områda.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jordskjelvet i Sendai 11. mars 2011
Spire Denne geologiartikkelen som har med Japan å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.