Jorge Amado

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jorge Amado

Statsborgarskap Brasil
Fødd 10. august 1912
Itabuna
Død

6. august 2001 (88 år)
Salvador

Yrke skribent, journalist, lyrikar, romanforfattar, politikar
Språk portugisisk
Sjanger roman
Medlem av Academia Brasileira de Letras, Akademie der Künste Berlin
Religion ateisme
Ektefelle Zélia Gattai
Signatur
Jorge Amado på Commons

Jorge Leal Amado de Faria (10. august 19126. august 2001) var ein brasiliansk forfattar som blir rekna som ein av dei viktigaste latinamerikanske forfattarane på 1900-talet.

Det er ikkje heilt klårt kvar Amado blei fødd, men far hans åtte ein kakaoplantasje i forbundstaten Bahia og sonen voks opp i hamnebyen Ilhéus.

Handlingen i nesten alle verka til Amado utspelar seg nordaust i Brasil, stort sett i Bahia-området, blant enkle folk som strir med liv og overlevnad. Trass dei materielle problema til protagonistane struttar dei fleste av bøkene hans av vitalitet og livslyst. Skodeplassar og temaval for handlingen er ofte bordellar, karnevalet og afro-brasiliansk kult.

Det mest kjende verket til Amado er romanen Gabriela, Cravo e Canela (1958). Han var fleire gonger nominert til Nobelprisen i litteratur.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Jorge Amado