Jostein Wilmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Jostein Wilmann (fødd 15. juli 1953) frå Viggja i Skaun var norsk proffsyklist på slutten av 70-talet og først på 80-talet.

Blant dei største prestasjonane hans finn vi ein andreplass i Rheinland Pfalz i 1975, tredjeplass i Slovakia Rundt i 1976, og fjerdeplass i Rheinland Pfalz same år. I 1978 vann han Austerrike Rundt og Steiermark Rundt. Suksessen heldt fram i 1979 med tredjeplass i Tour de L’avenir utan laghjelp, og han utklassa alle da han vann samanlagt i det tredje forsøket sitt i Rheinland Pfalz. I Frankrike rundt (Tour de France) i 1981 låg han etter åtte etappar på tredjeplass samanlagt, men tapa mykje etter eit stygt fall. Han enda på 14. plass samanlagt etter å ha kjempa seg opp frå 64.plass etter fallet. Dette er den beste samanlagtplassering av ein nordmann nokon gong i Frankrike rundt.

I 1982 kom boka Mil etter mil – Jostein Wilmann går i brudd (ISBN 82-03-10890-3), skrive av Arild Nyquist.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]