Tour de France
Tour de France (eller berre le Tour; i Noreg òg Touren eller Frankrike rundt) er det største sykkelrittet i verda. Det blir køyrt kvar sommar i Frankrike i juli. Rittet startar på ein laurdag og varer i tre veker. Frankrike rundt vart arrangert første gongen i 1903, og har sidan da vorte arrangert kvart år, berre avbrote av verdskrigane.
I Europa blir det òg arrangert to andre 3-vekers etapperitt på sykkel kvart år: Giro d'Italia (Italia rundt) og Vuelta a España (Spania rundt).
Dei nordmennene som har gjort det best, er Thor Hushovd, som vann poengkonkurransen i 2005 og 2009, og Jostein Wilmann, som ut frå samanlagt tid kom på ein 14. plass i 1980. Elles har nordmenn vunne fjorten etappar i touren - Dag Otto Lauritzen i 1987, Thor Hushovd i 2002, 2004, 2006 (2), 2007, 2008, 2009, 2010 og 2011 (2), Kurt Asle Arvesen i 2008 og Edvald Boasson Hagen i 2011 (2).
Innhaldsliste |
Trøyene [endre]
Trøyene i sykkelrittet er knytta til dei ulike prisane. Personen som ber ei trøye, er den som foreløpig ligg best an i kampen om prisen. Antalet trøyer og kva for trøyer som finst, har variert noko opp gjennom tidene. For tida finst desse trøyene:
- Gul trøye (le maillot jaune): Leiartrøya. Blir bore av den ryttaren som har best samanlagttid.
- Grøn trøye (le maillot vert): Spurttrøya/poengtrøya. Blir bore av den som har flest spurtpoeng. Desse poenga blir gjeve til dei ryttarane som kjem i mål først på kvar etappe, og ofte 2-3 gonger undervegs i etappen til dei som passerer førehandsbestemte punkt først. Det blir òg gjeve poeng på dei individuelle tempoetappane.
- Kvit trøye med raude prikkar (le maillot à pois rouges): Klatretrøya. Blir bore av den som har flest klatrepoeng. Det er dei første ryttarane over fjelltoppar som får klatrepoeng.
- Kvit trøye (le maillot blanc): Ungdomstrøya. Kan berre bli bore av ryttarar under 25 år (eller som har fylt 25 det inneverande året). Fungerer elles på same måte som den gule trøya, dvs. at det er samanlagttida som tel.
Dersom ein ryttar har krav på fleire trøyer, ber han den gjævaste av trøyene (i rekkefølgja gul-grøn-raudprikka-kvit).
Vinnarliste [endre]
Ryttarane som står oppført med overstreka namn i opplistinga har vorte frådømd sigeren i ettertid på grunn av brot mot dopingreglementet.
|
|
Referansar [endre]
- ↑ Har vedgått at han var dopa under tevlinga
Bakgrunnsstoff [endre]
- Den offisielle heimesida til Tour de France (letour.fr)