Jugorskijhalvøya
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jugorskijhalvøya (russisk Югорский полуостров) er ei stor halvøy i Nenetsia i Russland. Ho grensar til Khajpudyrbukta i Petsjorahavet i vest og Bajdaratskajabukta i Karahavet i nord og aust.
Samanlikna med Barentshavet, som får relativt varme havstraumar frå Atlanterhavet, er Karahavet mykje kaldare og er dekka av is ni månader av året. Derfor er ofte austkysten av Jugorskijhalvøya på våren og hausten isdekt, medan vestkysten er isfri.
Jugorskijsundet og Vajgatsjøya på andre sida ligg nordvest for halvøya.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Yugorsky Peninsula» frå Wikipedia på engelsk, den 21. september 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: