Atlanterhavet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Atlantic Ocean.png

Atlanterhavet er det nest største verdshavet, etter Stillehavet. Det utgjer om lag ein tredjedel av havflata i verda, og ein femtedel av heile jordoverflata.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Havet er kalla opp etter titanen Atlas frå gresk mytologi, som stod i Gibraltarsundet og haldt himmelen på akslene sine. Sogeøya Atlantis har fått namn frå havet.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Atlanterhavsbotnen. (Kjelde: NASA)

Havet blei til for rundt 55 millionar år sidan då den midtatlantiske ryggen tok til å opna seg. Denne nord-sørgåande sprekka i jordskorpa deler Atlanterhavet i to. Ho er fortsatt aktiv, og havet veks difor med rundt 2 cm i året.

Ekvator deler Atlanterhavet inn i ein nordleg og ein sørleg del. Den nordlege delen av havet har fleire bihav som Nordsjøen, Austersjøen, Middelhavet og det karibiske havet. I sør er Guineabukta den største vika.

Havbotnen er relativt flat og det finst få øyar. Nokre av dei er Grønland, Island, dei britiske øyane, Færøyane, Rockall, Asorane, Madeira, Kapp Verdeøyane, Sao Tome e Principe, Newfoundland, Bermuda og Kanariøyane i nord og mindre vulkanøyar som Ascension Island, St. Helena, Tristan da Cunha og Bouvetøya i tillegg til Falklandsøyane og Sør-Georgia i sør.

Atlanterhavet har samband med Nordishavet fire stader: Vest for Grønland gjennom det 60 km breie Hudsonsundet og det 200 km breie Davissundet, mellom Grønland og Svalbard gjennom Grønlandshavet, og gjennom Norskehavet mellom Noreg og Island. Det møter Stillehavet gjennom Drakesundet og den menneskeskapte Panamakanalen. I aust dreg ein skiljet mellom Atlanterhavet og det indiske havet ved 20° austleg lengde.

Mål[endre | endre wikiteksten]

Utsyn over Atlanterhavet frå Frankrike. (Foto: Claire Pouteau)

Atlanterhavet har ei utrekna flatevidd på 106 millionar kvadratkilometer og ei kystlengde på 142 300 kilometer. 43 600 km høyrer til hovudhavet og 98 700 dei meir forgreina bihava.

Dei smalaste delane av havet er strekket på 2 800 kilometer mellom det sørlegaste punktet på Grønland, Kapp Farvel, og Noreg på 60° nordleg bredd, og det på 2970 kilometer mellom Sør-Amerika og Cabo de Sao Roque i Vest-Afrika.

Vindar[endre | endre wikiteksten]

Nokre grader nord og sør for ekvator, mellom Afrika og Amerika, ligg to område med skiftande vindar eller vindstille som blir kalla doldrums. Nord for dette området, til 30° nordleg breidd, går nordaustpassasjen, medan den sterkare og jamnare søraustpassasjen ligg sør.