Julius Plücker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Julius Plücker
Julius Plücker.jpg
Julius Plücker
Fødd 16 juni 1801(1801-06-16)
Elberfeld, Hertugdømet Berg
Død 22. mai 1868 (66 år)
Bonn i Tyskland
Nasjonalitet Tysk
Kjend for Plücker-formelen
Utmerkingar Copley-medlajen (1866)

Julius Plücker (16. juni 180122. mai 1868) var ein tysk matematikar og fysikar.

Han var professor i Halle 1834 og frå 1836 i Bonn. Arbeida til Plücker har hatt stor innverknad på utviklinga til analytisk geometri. Han skapte teorien for pol og polare og brennpunkter for vilkårlege algebraiske kurver og innførte homogene koordinatar og trekantkoordinatar. Formalen til Plücker gjev samanhengen mellom mengda singulære punkt av forskjellige typar som ei algebraisk kurve kan ha. Innan fysikken arbeidde han særleg med spektralteori og krystalloptikk, og han skreiv ei større avhandling om korleis eit magnetfelt påverka elektriske utladingar i fortynna gassar. Dei samla avhandlingane hans med biografi kom ut i 1895.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]