Jungfraujoch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jungfraujoch i horisonten, til venstre for Jungfrau.

Jungfraujoch er eit fjellpass mellom fjella Mönch og Jungfrau i Berneralpane, på grensa mellom dei sveitsiske kantonane Bern og Valais. Meir nøyaktig er det det lågaste punktet på ryggen mellom dei to fjella, og det ligg på 3 471 moh.

Den eine endestasjonen til Jungfraubanen er plassert like over passet og ber same namn som dette. Stasjonen ligg på 3 454 moh. og er med det den høgstliggjande jarnbanestasjonen i Europa. Ein 7,3 kilometer lang tunnel fører opp til stasjonen. I turistreklame blir Jungfraujoch ofte kalla the Top of Europe - toppen av Europa.

Ein heis går opp til toppen av Sphinx, aust for Jungfraujoch. Der finst eit atmosfæreobservatorium, som høyrer til Global Atmosphere Watch, og ei utsiktsplattform.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jungfraujoch