Kabelferje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kabelferje for persontrafikk i Bømlo
Kabelferje på «Breede Elv», Western Cape i Sør-Afrika
Med ei spesialklubbe som tok tak om vaieren kunne ein dra ferja over.

Kabelferje er ein båttype som ein kan dra over eit sund ved hjelp av kablar. Dei vert ofte dregne fram ved hjelp av handkraft, ved at passasjerane dreiar rundt på eit handtak.

Det finst òg motoriserte kabelferjer. Fordelen ved desse, jamført med tradisjonelle ferjer, er at dei bruker vesentleg mindre energi og har tilsvarande mindre utslepp.

For kryssing av elvar, finst det kabelferjer som hentar energi til framdrift av elvestraumen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]