Sør-Afrika

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For området sør i Afrika, sjå Afrika sør for Sahara
[endre]
Republiek van Suid-Afrika
Republic of South Africa
IRiphabliki yase Ningizimu Afrika

(norsk: Sør-Afrika, sørafrikansk)

Det sørafrikanske flagget Det sørafrikanske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Nkosi Sikelel iAfrica» og
«Die Stem van Suid Afrika»
Motto Ulike folk sameina
Geografisk plassering av Sør-Afrika
Offisielle språk Afrikaans, engelsk, zulu, xhosa, swazi, ndebele, sør-sotho, nord-sotho, tsonga, tswana og venda
Hovudstad Cape Town (lovgjevande)
Pretoria (administrativ)
Bloemfontein (dømande)
Styresett
Demokratisk republikk
Jacob Zuma
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
1 219 090 km² (24.)
nær 0 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
48 860 500 (25.)
40,1 /km² (136.)
Sjølvstende
frå Det britiske imperiet
Dominion 31. mai 1910
Republikk 31. mai 1961
Nasjonaldag 27. april
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
527 500 mill. USD (25.)
10 700 USD (82.)
Valuta Rand
Tidssone UTC +2
Telefonkode +27
Toppnivådomene .za


Sør-Afrika er ein stat i det sørlege Afrika. Landet grensar til Botswana, Mosambik, Namibia, Swaziland og Zimbabwe og omsluttar Lesotho.

Det bur ei rekke ulike folkegrupper i dette landet, noko som blir reflektert i dei offisielle språka afrikaans, engelsk, ndebele, swati, sør-sotho, nord-sotho, tsonga, tswana, venda og xhosa. Sør-Afrika er òg det afrikanske landet med flest innbyggjarar av europeisk og av opphavleg afrikansk og europeisk avstamming, i tillegg til den største gruppa av indarar utanfor Asia. Det er med andre ord eit fleirkulturelt land, noko som speglar seg i det mangefarga flagget og i valspråket: Ulike folk går saman.

Landet er kjend for å ha utvikla ein svært streng raseskiljepolitikk, såkalla apartheid, som favoriserte kvite og avgrensa farga innbyggjarar geografisk, økonomisk og kulturelt. Etter fleire år med indre protestar og etter kvart sanksjonar frå utlandet avvikla landet denne politikken på 1990-talet, og haldt sitt første demokratiske val den 27. april 1994. Den første folkevalde presidenten blei den då 75-årige Nelson Mandela.

Kart over Sør-Afrika

Klima[endre | endre wikiteksten]

Sør-Afrika er kanskje det landet i Afrika med mest ekstreme vêrforhold, og her kan ein ha både hagl, tornadoar og snøstormar. Men desse forholda er lokale, og oppstår ikkje ofte. Store delar av Sør-Afrika er solrikt og varmt.

Kysten av Western Cape strekkjer seg inn i Atlanterhavet, med Cape Town i midten, og har eit middelhavsklima. Sommaren er varm og tørr (med temperaturar litt lågare enn t.d. Italia), medan vinteren er kjølig med litt regn. Cape Town har ein årleg nedbørsnormal på 509 mm. Langs resten av kysten frå Port Elizabeth til Natal er sommaren den våtaste tida på året med regn- og torebyger frå oktober til mars. Durban har ein normal årsnedbør på 1008 mm. Temperaturane aukar jo lenger nord ein kjem, men sjølv i januar, den varmaste månaden, er kysten av KwaZulu-Natal ofte under 28 °C på dagtid, men nettene kan vere ganske behagelege.

Karooplatået og Drakenbergfjella skil kysten frå dei tørre, indre områda. KwaZulu-Natal kan få ein god del regn om hausten og våren. Drakenbergfjella kan bli nokså kalde om vinteren, men dagtemperaturen kjem vanlegvis over 10 °C. Om sommaren kan områda nord for Lesothotorevêr dagleg — av og til svært kraftige med alvorlege haglbyger. Desse kan produsere hagl på storleik med golfballar, og av og til tornadoar. Ettermiddagsbygene flyttar seg vanlegvis austover over Highveld og når fram til Pretoria og Johannesburg om kvelden, men sjeldan så langt som til Lowveld. Pretoria har ein normal årsnedbør på 784 mm, medan Johannesburg har 710 mm. Lowveld har varme somrar, med temperaturar godt over 30 °C. Vintrane er milde og om nettene vert det sjeldan frost.

Johannesburg ligg 400 m høgare enn Pretoria og får ein god del meir vind, sjølv om byane ligg nær kvarandre. Om vinteren kan begge frå frost om natta før temperaturen stig til rundt 20 °C om ettermiddagen. Dei nordvestlege områda, og særleg Northern Cape, er tørrare og varmare, og desse områda får berre 100-200 mm i nedbør. Den nordvestlege kysten får svært lite nedbør, og er forholdsvis kjølig på grunn av den kalde havstraumen utanfor. Av og til kan derimot ein varm austleg vind sende temperaturen over 30 °C.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sør-Afrika
Spire Denne geografiartikkelen som har med Sør-Afrika å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.