Kainainasjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kainai Nation)
Flagget til Blood-nasjonen
Skilt ved inngangen til Blood-reservatet
Story Robe frå 1800-talet

Kainainasjonen (Káínawa, káínaa, engelsk Kainai Nation eller Blood Tribe) er ei administrativ gruppe i First Nations i Canada frå sørlege Alberta. Ho hadde 12 800 medlemmar i 2015,[1] opp frå 11 791 i desember 2013.[2]

Akáínaa kan omsetjast bokstaveleg til 'mange hovdingar' (frå aká, 'mange' og nínaa, 'høvding'), medan Káína kan omsetjast dirkete til 'mange hovdingar-folk'. Dei tradisjonelle fiendane deira, prærie-cree-folk, kallar kainaiane mihkowiyiniw,[3] 'dekka av blod', eller 'blodtørstige', noko som har gjeve gruppa det engelske namnet Blood tribe.

Språket til kainaifolk tilhøyrer språkgruppa blackfoot; målføret deira ligg nærast dei til siksika og piikani. Dei er ein av tre nasjonar som tilhøyrer samansluttinga Blackfoot Confederacy.

På tida då det blei underskrive avtalar som Treaty 7 heldt kainaifolket til ved elvene Oldman, Belly og St. Mary vest for Lethbridge i Alberta. Kainaireservatet Blood 148, som ligg 200 kilometer (120 mi) sør for Calgary, er det største reservatet i Canada med 4 570 innbyggjarar[4] på 1 410 km² (545 sq mi).

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Folk frå kainainasjonen driv med ulike verksemder, og driv handel med nasjonale og internasjonale partnerar. Dei vinn ut det opal-aktige mineralet ammolitt, som er etterspurt i Asia for bruk i feng shui. Ammolitt er berre kjent frå Bearpaw Formation, der unike tilhøve i førhistorisk tid førte til at marint liv blei fossilisert til dette mineralet.[5] Over tid har ein funne fleire fossil frå havlevande dinosaurar her. Dei er lagra for studium ved Royal Tyrrell Museum, men tilhøyrer Kainainasjonen.[6]

I kulturen[endre | endre wikiteksten]

I 1960 blei kainaifolk og den rituelle soldansen deira filma til National Film Board of Canada (NFB) sin dokumentar Circle of the Sun. Stammeleiarar hadde frykta at dansen, som hadde vore forboden, var i ferd med å døy ut, og tillet filming av seremonien for å ha eit visuelt minne.[7][8]

I 1973 gav NFB ut dokumentaren Kainai, som tek for seg bygginga av ein fabrikk på landområdet deira og konsekvensane av dette.[9]

I samband med National Aboriginal Day i 2011 gav NFB ut Pete Standing Alone-trilogien, som omfattar Circle of the Sun, Standing Alone og filmen Round Up frå 2010, som tok for seg historia til kainainasjonen gjennom 50 år, i tillegg til livet til Pete Standing Alone.[10]

  • Kainai News[11] var ei av dei fyrste urfolksavisene i Canada, og hadde ei viktig rolle i historia til urfolksjournalisme i landet. Ho blei gjeven ut i sørlege Alberta av Blood Indian Tribe og seinare av Indian News Media. Avisa tok for seg ulike lokalsaker innan reservatet i tillegg til nasjonale saker som Indian Act, Whitepaper frå 1969 og Bill C-31. Avisa er kjend for vitseteikningane til Everett Soop. Den fyrste redaktøren var Caen Bly, eit barnebarn av senatoren James Gladstone.[12]
  • Sun Dance Echo[13] var ein etterfølgjar til Kainai News. Redaktøren var Reggie Black Plume, og Hugh Dempsey bidrog med ein del artiklar.

Busetnader[endre | endre wikiteksten]

Kainaibusetnader er mellom anna:[14]

  • Bullhorn
  • Fish Creek
  • Ft Whoop Up
  • Levern
  • Moses Lake
  • Old Agency
  • Standoff

Kjende kainaifolk[endre | endre wikiteksten]

  • Cherish Violet Blood - skodespelar
  • Red Crow - 1887 Treaty Number Seven Chief
  • Byron Chief-Moon - utøvar og koreograf
  • Eugene Creighton (Owns Many Horses)
  • Eugene Brave Rock - skodespelar og stuntmann
  • Faye HeavyShield - kunstnar
  • Marie Smallface Marule - akademisk administrator, aktivist og pedagog
  • Natawista Iksina (1825-1893) - tolk og diplomat
  • Jerry Potts
  • Pete Standing Alone
  • Seen from afar (1810-1869) - Peenaquim (Pe-na-koam, Penukwiim), leiar for Blood-stamma i Blackfootnasjonen[15]
  • Elle-Máijá Tailfeathers - kainai- og samisk skodespelar, produsent, filmskapar og kuratorassistent[16][17][18][19]
  • Tom Three Persons - rodeoutøvar og rancher, vinnar av saddle bronc-tevlinga ved den fyrste Calgary Stampede i 1912

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Blood Tribe - Kainaiwa». Blood Tribe - Kainaiwa. 
  2. Blood Tribe Registered Population - Aboriginal Affairs and Northern Development Canada - «Registered Population». Arkivert frå originalen 1. februar 2014. Henta 23. januar 2014. 
  3. «Search results». www.creedictionary.com. Henta 2. februar 2023. 
  4. [1] - 2016 Census Aboriginal Population Profile
  5. Lawrynuik, S (Feb 22, 2017).'
  6. Narine, S (2002).
  7. Rosenthal, Alan; John Corner (13. mai 2005). New challenges for documentary. Manchester University Press. s. 90–91. ISBN 0-7190-6899-1. 
  8. Low, Colin; Gil Cardinal. «Circle of the Sun». Curator's comments. National Film Board of Canada. Henta 4. desember 2009. 
  9. «Kainai». onf-nfb.gc.ca. National Film Board of Canada. Henta 14 January 2023. 
  10. Anderson, Kelly (17 June 2011). «NFB celebrates National Aboriginal Day». Realscreen (Toronto). Henta 4. juli 2011. 
  11. Kainai News (1968-1991)
  12. Sanderson, Kay (1999). 200 Remarkable Alberta Women. Calgary: Famous Five Foundation. s. 101. 
  13. Sun Dance Echo (1964-1966)
  14. Blood Tribe - About Us & Communities listed «About us | bloodtribe». Arkivert frå originalen 31. januar 2014. Henta 23. januar 2014. 
  15. «Biography – PEENAQUIM – Volume IX (1861-1870) – Dictionary of Canadian Biography». www.biographi.ca. 
  16. Dowell, K. L. (2015). «The future looks rad from where I stand: A review of claiming space: Voices of urban aboriginal youth at the UBC museum of anthropology». Anthropologica 57 (1).  ProQuest 1690736642
  17. «Elle-Máijá Tailfeathers». www.bcnu.org. Henta 17. september 2016. 
  18. «Film Screenings: Banchi Hanuse and Elle-Máijá Tailfeathers - SFU Woodward's - Simon Fraser University». www.sfu.ca. Henta 17. september 2016. 
  19. Indigenous Youth Wellness, Decolonization with Elle-Máijá Tailfeathers, henta 6. februar 2019 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]