Canada

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For det dravidiske språket kannada, sjå kannada.
[endre]
Dominion of Canada

(norsk: Canada, kanadisk)

Det kanadiske flagget Det kanadiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «O Canada»
Motto A Mari Usque Ad Mare (Latin: Frå hav til hav)
Geografisk plassering av Canada
Offisielle språk Engelsk og fransk
Hovudstad Ottawa
Styresett
Konstitusjonelt monarki

Elizabeth II
David Lloyd Johnston
Stephen Harper
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
9 984 670 km² (2.)
8,62 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
34 300 083 (36.)
3,4 /km² (219.)
Sjølvstende
  - BNA Act
  - Statute of Westminster
  - Canada Act
Frå Storbritannia  
1. juli 1867
11. desember 1931

17. april 1982
Nasjonaldag 1. juli
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
1 335 000 mill. USD (14.)
39 600 USD (16.)
Valuta Kanadiske dollar
Tidssone UTC -3.5 til -8
Telefonkode +1
Toppnivådomene .ca

Canada (òg skrive Kanada) er eit vidstrekt land lengst nord i Nord-Amerika. Det er det andre største og eit av dei nordlegaste landa i verda. Canada utgjer størstedelen av det nordamerikanske kontinentet og grensar til berre eitt anna land, USA i sør og i vest, til Alaska.

Canada er ein føderasjon med mykje sjølvstyre for ti provinsar og tre territorium, og har styresettet parlamentarisk demokrati og statsforma konstitusjonelt monarki, med Dronning Elizabeth som statsoverhovud.

Landet har både tidlegare franske og tidlegare britiske koloniar, og er medlem av både La Francophonie og Commonwealth of Nations. Fransk er hovudspråket i Quebec. New Brunswick er tospråkleg, medan resten av landet hovudsakleg er engelsktalande. Begge språka er offisielle i heile landet, men ein provins kan velja om han skal vera tospråkleg eller velja eitt hovudspråk.

Økonomisk er landet industrialisert og teknologisk utvikla. Næringsvegane er basert på rike naturressursar og handel med andre land, særleg naboen USA. Canada er hovudsakleg sjølvforsynt med energi på grunn av relativt store ressursar av fossile brennstoff, i tillegg til produksjon av kjerne- og vasskraft.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Ein trur at namnet Canada kjem frå det huronske ordet kanata som tyder «landsby», og som skildra busettinga Stadacona som låg der byen Québec ligg nå. Kart laga av tidlege europeiske oppdagarar har Canada som namn på Ottawaelva, og på St. Lawrence-elva nedanfor Montreal. Truleg har elva fått namn etter landsbyen og området rundt namn etter elva igjen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei kanadiske urfolka hadde budd i området i minst ti tusen år då vikingar frå Grønland kom til Newfoundland og budde ei kort tid på L'Anse aux Meadows. Franskmenn som kom på 1500- og 1600-talet blei meir vedvarande busettarar.

Etter Sjuårskrigen måtte Frankrike gje frå seg heile det nordamerikanske riket sitt, og vestre Canada blei britisk, sjølv om dei fleste innbyggjarane fortsatt var fransktalande.

Mange «lojalistar», britiskvennlege amerikanarar, busette seg i Canada etter den amerikanske revolusjonen.

Den britiske loven British North America Act i 1867 etablerte føderasjonen The Dominion of Canada av dei fire provinsane Quebec, Ontario, New Brunswick og Nova Scotia, og gav det nye landet ein grunnlov. Nye provinsar kom til etter kvart, og landet fekk meir sjølvstyre, i 1931 med (Statute of Westminster) og i 1982 med nye endringar i grunnlova.

Dronning Victoria plasserte hovudstaden i Ottawa, midt i landet, for å minska motsetningane mellom dei engelske og franske delane av landet. Det finst likevel framleis gnissingar mellom dei to gruppene. Quebec har hatt to folkeavstemmingar om provinsen skal riva seg laus frå Canada, og har ein aktiv språkpolitikk til støtte for fransk imot det dei ser på som den engelske dominansen i landet.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Klikk for eit større kart over Canada

Frå Atlanterhavet og Davissundet i aust strekkjer Canada seg til Stillehavet i vest. I nord møter det Beauforthavet og Nordishavet. Sidan 1925 har landet òg gjort krav på den delen av Arktis som ligg mellom 60 og 141 grader vest. Den store flatevidda i landet er tynt utbygd, og heile 80 % av folket bur i den tempererte delen av landet, 200 km eller mindre frå den sørlege landegrensa.

Den tettast folkesette delen av landet er i aust, i området rundt Great Lakes, dei store sjøane, og i elvedalen til Saint Lawrence. Den kanadiske prærien ligg vest for Ontario, i provinsane Manitoba, Saskatchewan og Alberta, og strekkjer seg vestover mot Rocky Mountains, som deler Alberta og British Columbia i to. Øyar av ulike storleikar, nokre av dei blant verdas største, omgjev den nordlege delen av landet.

Sjå òg Klima i Canada.

Provinsar og territorium[endre | endre wikiteksten]

Canada består av ti provinsar og tre territorium. Provinsane har større sjølvstyre frå dei føderale styresmaktene enn det territoria har. Statsministeren i Canada, Paul Martin, uttalte i 2004 at han ynskte at territoria på lenger sikt skulle få status som provins.

Provinsar og territorium i Canada
Namn Hovudstad Medlem frå Merknad
Alberta Edmonton 1905
Britisk Columbia Victoria 1871
Manitoba Winnipeg 1870
New Brunswick Fredericton 1873
Newfoundland og Labrador St. John's på Newfoundland 1949
Nova Scotia Halifax 1873
Ontario Toronto 1867
Prince Edward Island Charlottetown 1873
Quebec Québec by 1873
Saskatchewan Regina 1905
Yukon Whitehorse 1898 Territorium
Nordvestterritoria Yellowknife 1870 Territorium
Nunavut Iqaluit 1999 Territorium

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Som tidlegare britisk koloni og mål for mange britiske emigrantar, er kanadisk kultur blitt sterkt påverka av den britiske. I tillegg har det fått mange impulsar frå den mektige naboen sin i sør, USA. I nyare tid har òg andre innvandrargrupper og dei kanadiske urfolka gjort sitt for å bli høyrde.

Canada har nokre nasjonale symbol, som bladet frå lønnetreet, som me finn igjen både på det kanadiske flagget og riksvåpenet. Bladet har vore brukt som symbol sidan tidleg på 1700-talet, og speglar kor vanleg og viktig lønnetreet har vore for landet, særleg gjennom utvinning av lønnesirup.

Dei store skogane og dyra som bur der, som elg, bever og grizzlybjørn, er òg blitt til symbol for landet. I tillegg er det velkjend for sitt ridande politi, Royal Canadian Mounted Police eller berre Mounties, i lett kjennelege raude uniformer.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Canada