Fossil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit godt bevart eksemplar av Tarbosaurus, ein av dei næraste slektningane til Tyrannosaurus.

Fossil (frå latin fossus, «har vorte grave opp») er gamle dyre- eller planterestar som har unngått å rotna, og med tida har vorte ein del av jordskorpa. Dette kan vera restar av sjølve organismen som er vorte bevart, avtrykk av organismen i berggrunnen eller eit spor som vart sett medan organismen framleis levde. Fossilisering skjer som oftast når organismen fort vert gravlagd i sedimentrikt vatn. Dette vert etterfølgd av ei kjemisk endring, der det vert ført til eller trekt frå mineral.

På grunn av måten fossil vert danna på, er dei vanlegast i sedimentære bergartar. Nesten alt som er kjend om utdøydde dyr kjem frå fossil. Læra om desse vert kalla paleontologi.

Fossil i Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg er fossil vanlegast i Oslo-feltet, der det har vorte funne mange fossil frå mellom kambrium- og silur-tida. Mellom funna her er mellom anna mange godt bevarte urfiskar som ostracodermar og placodermar, sjøskorpionar (Eurypterida), sjøliljer og eit vell med ulike trilobittar og brachiopodar.

Fleire av dei største fossilfunna her til lands har vorte funne i Nord-Noreg. Her har ein m.a. funne store symjeøgler frå mesozoikum.

Den einaste dinosauren det er funne fossil av i Noreg er ein Plateosaurus som vart funnen 2256 m under havbotnen i Nordsjøen i 2006.[1] Dinosaurfossil frå Svalbard har vore kjend lenge, men då hovudsakleg i form av spor frå mellom anna Iguanodon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Her er Norges første dinosaur!» www.forskning.no, 21. april 2006, arkivert frå originalen 27. januar 2012, henta 15. juli 2007 
Spire Denne geologiartikkelen som har med biologi å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.