Kapp Idrettsforening

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kapp Idrettsforening er eit idrettslag, stifta 1913, heimehøyrande på Kapp i Østre Toten kommune i Oppland. Laget er aktiv i fotball, tidlegare også i handball.

Kapp IF hadde sine beste år på 1950-talet. I 1952 nådde laget kvartfinalane i noregsmeisterskapen, det vart slått 3-1 av den seinare noregsmeisteren, Sparta frå Sarpsborg. Våren 1958 rykte Kapp opp i Hovedserien, og spelte 1958/59-sesongen i den, der laget vart desidert sist i B-avdelinga med sine seks poeng.

Laget spelar heimekampane på Kapp idrettsplass, i daglegtale Fauchaldplassen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Magnus Breili: Fotballboken. 1967