Karin Fossum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Karin Fossum, 2012

Karin Fossum (fødd 6. november 1954 i Sandefjord) er ein norsk forfattar. Jentenamnet hennar var Karin Mathisen, og dei fyrste bøkene hennar er skrivne under det namnet. Ho er mest kjend som krimforfattar, og krimbøkene hennar er omsette til fleire språk.

Ho debuterte i 1974 med diktsamlinga Kanskje i morgen, som ho fekk Tarjei Vesaas' debutantpris for.

Karin Fossums kjente kriminalromanar har etterforskaren Konrad Sejer i hovudrolla. Til no er det kome åtte romanar om sakene han løyser; Evas øye (1995), Se deg ikke tilbake! (1996), Den som frykter ulven (1997), Djevelen holder lyset (1998), Elskede Poona (2000) og Svarte sekunder (2002). Ho fekk Brageprisen for Elskede Poona, og alle desse romanane har vorte filmatiserte.

I tillegg til dei suksessfulle krimbøkene har Fossum skrive novellesamlingane I et annet lys (1992) og Søylen (1994), og romanane De gales hus (1999), Jonas Eckel (2002) og Natt til 4. november (2003). De gales hus er ein roman frå innsida av ein psykiatrisk institusjon, medan Jonas Eckel handlar om ein litt spesiell mann og det litt spesielle forholdet han har til ei kvinne. Natt til 4. november handlar om eit foreldrepar som må leve i uvisse når dottera brått forsvinn.

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1974 – Kanskje i morgen – diktsamling
  • 1978 – Med ansiktet i skyggen – diktsamling
  • 1992 – I et annet lys – novellesamling
  • 1994 – Søylen – novellesamling
  • 1995 – Evas øye – kriminalroman
  • 1996 – Se deg ikke tilbake! – kriminalroman
  • 1997 – Den som frykter ulven – kriminalroman
  • 1998 – Djevelen holder lyset – kriminalroman
  • 1999 – De gales hus – roman
  • 2000 – Elskede Poona – kriminalroman
  • 2002 – Svarte sekunder – kriminalroman
  • 2002 – Jonas Eckel – roman
  • 2003 – Natt til fjerde november – roman
  • 2004 – Drapet på Harriet Krohn – kriminalroman
  • 2004 – Noveller i utvalg – novellesamling
  • 2006 – Brudd – roman
  • 2007 – Den som elsker noe annet – kriminalroman
  • 2008 – Den onde vilje – kriminalroman
  • 2009 – Varsleren – kriminalroman

Filmatiseringar av Karin Fossums bøker[endre | endre wikiteksten]

  • Evas øye – spelefilm for kino. Regissør: Berit Nesheim. Konrad Sejer spelt av Bjørn Sundqvist.
  • Se deg ikke tilbake – fjernsynsserie. Regissør: Eva Isaksen. Konrad Sejer spelt av Bjørn Sundqvist.
  • Djevelen holder lyset – fjernsynsserie. Regissør: Eva Isaksen. Konrad Sejer spelt av Bjørn Sundqvist.
  • Elskede Poona – fjernsynsserie. Regissør: Eva Isaksen. Konrad Sejer spelt av Bjørn Sundqvist.
  • Den som frykter ulven – spelefilm for kino. Regissør: Erich Hörtnagl. Konrad Sejer spelt av Lars Bom.
  • Svarte sekunder – fjernsynsserie under arbeid. Regissør: Eva Isaksen. Konrad Sejer spelt av Bjørn Sundqvist.

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Guro H. Bergersen (22. august 2013). «Karin Fossum får Amalie Skram-prisen». Nettstaden til Bergens Tidende. Vitja 22. august 2013.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]