Karlsvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 65°35′51.176″N 22°4′3.3060″E Karlsvik er ein svensk tettstad i Luleå kommun i Norrbottens län i landskapet Norrbotten. I 2005 hadde tettstaden 270 innbyggjarar.

Karlsvik er først og fremst kjend for campingplass sin, idrettsanlegget Arcushallen og jernverksruinane. Spor etter det nedlagte jernverket kan ein sjå dels på sjølve ruinane, men òg i spor etter ein del mindre anlegg i skogane omkring tettstaden.

Campingplassen, som tidlegare var kommunal men no er i privat eige, blir i sommarhalvåret for ein stor del vitja av norske turister. Strender og utandørsbad er òg populære utfartsmål for innbyggjarane i Luleå.

Arcushallen er eit viktig anlegg for fotball og annan idrett i vinterhalvåret. Om sommaren fungerer han hovudsakleg som konferansesenter, messehall, festlokale og konserthall.

I Karlsvik ligg òg Norrbottens Järnvägsmuseum.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]