Karnapp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utskoren karnapp i borga Mehrangarh i Rajasthan.

Karnapp er eit utbygg på ein yttervegg skote ut frå eit rom innanfor. Det har ofte mange vindauge, og kan vera bygd med auka vindaugeflate som føremål, som karnappvindauge. Ordet «karnapp» kjem truleg via mellomalderlatin frå gresk konopeion, 'myggnett rundt ei seng'. Ordet «kanapé» har same opphav.

Karnapp kan byggjast opp frå bakken eller hengja ut frå veggen, der det kviler på ei utkraging eller søyler. Dei kan finna enkeltvis i éin etasje, ha fleire etasjar eller strekka seg over fleire trinn. Dei kan finnast langs fasaden, gjerne i ei rekkje eller midt på, eller utanpå eit hjørne.

Karnappvindauge sett frå innsida. Karnappet er heva eitt trinn frå resten av rommet.

I høve til rommet innanfor kan det liggja på same plan eller vera heva nokre trinn. Utbygget kan bidra til å fanga lys, gje meir innandørs rom eller verka meir som pynt på bygget.

Karnapp er særskild utbreidde innan visse byggjestilar, til dømes den orientalsk-påverka Balkan-arkitekturen og til ei viss grad i vesteuropeisk mellomalderarkitektur. Under viktoriatida blei karnappvindauge svært vanlege i engelsk og nordamerikansk arkitektur.

I norske byar, særleg Oslo (Christiania), var det tidlegare svært vanleg med karnapp. I 1745 blei det forbode å byggja nye karnapp ut på dei offentlege fortaua i byen fordi dei hindra ferdsel.


Biletdøme[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Karnapp

Kjelder[endre | endre wikiteksten]