Rajasthan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rajasthan
Geografisk plassering

Delstat i India

Hovudstad Jaipur
Flatevidd

 - Rangering i India

342 236 km²

1..

Folketal (2001)

 - Rangering i India
 - Folketettleik

56 473 122

8..
165/km²

Grunnlagd 1. november 1956
Offisielle språk hindi, rajasthani
Guvernør
Øvste minister
Kalyan Singh
Vasundhara Raje
Nettstad www.rajasthan.gov.in

Rajasthan er ein delstat nord i India som grensar mot Punjab i nord, Uttar Pradesh og Haryana i nordaust, Madhya Pradesh i søraust, Gujarat i sørvest og dei pakistanske provinsane Sind og Punjab. Rajasthan er den største delstaten i India med ei flatevidd på 342 239 km² (om lag det same som Tyskland), der Thar-ørkenen dekker store delar. Rajasthan blei til i 1949, då samlinga av føydale prinsestatar kjend som Rajputana blei innlemma i India.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Rajasthan har ein rik og fargerik historie som i dag trekker mange turistar. Dette er ein gammal ruin i Jaisalmer

Det er arkeologiske spor etter menneske i området som strekkjer seg kanskje 100 000 år tilbake i tida.

Området fekk namnet Rajputana etter folkegruppa radjputar ('kongssøner'), som grunnla fleire dynasti der frå 500-talet. Desse fyrstestatane stod lenge imot dei muslimske åtaka som elles la Nord-India under muslimsk styre, sjølv om ein del av statane blei lagt under mogulstyret frå Delhi. Rajputana hadde høgdepunktet sitt på 1500-talet, og var ei kort tid sameint som éin stat under Rana Sangram Singh.

Rajputkongane godtok britisk overhøgheit tidleg på 1800-talet, og størsteparten av dagens Rajasthan blei organisert under Rajputana Agency.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Frå Aravallifjella.

Ei fjellkjede, Aravalli, kryssar Rajasthan nesten fullstendig frå sørvest til nordaust. Fjellet Abu (1722 moh.) ligg i den sørvestlege enden av fjellkjeda ikkje langt frå grensa til Gujarat. Tre femtedelar av Rajasthan ligg nordvest for fjellkjeda, og to femtedelar aust og sør for henne.

Ørkenen Thar.

Den nordvestlege delen[endre | endre wikiteksten]

Den nordvestlege delen av området er stort sett tørr og sandrik, og dominert av ørkenen Thar, som også strekkjer seg vidare inn i Pakistan. Ørkenen kjem av at Aravallifjella dannar ein regnskugge frå monsunen som kjem frå sørvest med fuktig luft frå Det arabiske havet. Ørkenen er tynt folkesett, med Bikaner som den største byen.

Mellom ørkenen og fjella ligg eit område med krattskog. Dette er også eit tørt område og har mindre enn 750 mm nedbør i eit gjennomsnittleg år. Om sommaren kan temperaturen koma over 45º C og om vinteren kan han søkke under 0º C. Regionane Godwar, Marwar og Shekhawati og byen Jodhpur ligg i denne sonen.

Elva Luni, med sideelver, er det største systemet av elver i regionane Godwar og Marwar. Dei renn frå dei vestlege fjellsidene av Aravallifjella ned til våtmarkene Rann i Kutch i Gujarat. Elva Ghaggar som stammer frå Haryana, renn ut i ørkenen, men er tidvis uttørra.

Den sørlege og austlege delen[endre | endre wikiteksten]

Fjellkjeda og landet aust og sør for henne er våtare enn ørkenen og dei halvtørre områda på den andre sida, og er derfor også meir fruktbare. Her finst til dømes tørr tropisk skog der det veks teak og akasie. Grenseområdet mot Gujarat, Vagad, er saman med Abufjellet det våtaste og mest skogdekte i Rajasthan. Lenger nord ligg Mewar-regionen med byane Udaipur og Chittaurgarh. På grensa mot Madhya Pradesh ligg Hadoti-regionen. Nord for desse to er Dhundhar-regionen, der ein finn delstatshovudstaden Jaipur ligg. Mewat er den austlegaste regionen i Rajasthan og grensar mot Haryana og Uttar Pradesh. Elvar i denne delen av Rajasthan er Banas og Chambal. Desse renn ut i Ganga.

Største byar[endre | endre wikiteksten]

By Innbyggertall (2001)
Jaipur 2 324 319
Jodhpur 846 408
Kota 695 899
Bikaner 529 007
Ajmer 485 197
Udaipur 389 317
Bhilwara 280 185
Alwar 260 245
Ganganagar 210 788
Bharatpur 204 456
Pali 187 571
Sikar 184 904
Tonk 135 663
Hanumangarh 129 654
Beawar 123 701
Kishangarh 116 156
Jhunjhunun 100 476

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Jordbruk er den viktigaste næringa, og delstaten har lite industri. Med sine dramatiske ørkenlandskap, fyrsteslott og fargerike folk og byar trekk Rajasthan turistar, slik at denne næringa er blitt viktig for delstaten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Rajasthan


India: Delstatar og territorium Det indiske flagget
Andhra Pradesh | Arunachal Pradesh | Assam | Bihar | Chhattisgarh | Goa | Gujarat | Haryana | Himachal Pradesh | Jammu og Kashmir | Jharkhand | Karnataka | Kerala | Madhya Pradesh | Maharashtra | Manipur | Meghalaya | Mizoram | Nagaland | Orissa | Panjab | Rajasthan | Sikkim | Tamil Nadu | Tripura | Uttarakhand | Uttar Pradesh | Vest-Bengal
Forbundsterritorium: Andamanøyane og Nikobarane | Chandigarh | Dadra og Nagar Haveli | Daman og Diu | Lakkadivane | Puducherry
Hovudstadsterritorium: Delhi
Spire Denne geografiartikkelen som har med India å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.