Karnilshaugen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karnilshaugen, også kalla Tinghaugen på Hauge, er ein tinghaug som ligg på garden Hauge, to kilometer vest for kommunesenteret Sandane i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane.
Haugen var over ti meter høg med ein diameter på kring 55 meter. Dette gjer haugen den største menneskebygde tinghaugen på Vestlandet,[1] og blant dei ti største haugane i Norden. Plasseringa gjer at haugen er godt synleg i terrenget, både frå Gloppefjorden og frå landevegen mot Breim i vest.
Kjelder [endre]
- Store norske leksikon, snl.no, «Karnilshaugen»
- Denne artikkelen bygger på «Karnilshaugen» frå Wikipedia på bokmål, den 9. juli 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ nordfjordhistorie.no: Gravhaugane