Gloppen kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gloppen kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 1445
Fylke Sogn og Fjordane
Adm.senter Sandane
Areal 1 022 km²
Folkemengd 5 676 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2003-) Anders Ryssdal (Sp)
Målform Nynorsk
Nettstad www.gloppen.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1445.svg
Gloppen kommune på Commons

Gloppen er ein kommune i Sogn og Fjordane, ved fjorden Nordfjord. Kommunesenteret er Sandane.

Gloppen kommune har om lag 5 800 innbyggjarar. I overkant av 2000 bur i og ved kommunesenteret Sandane. Andre bygdesenter i Gloppen er Byrkjelo, Re, Vereide, Rygg og Hyen. Gloppen er Sogn og Fjordane sin største landbrukskommune.

Namnet Gloppen[endre | endre wikiteksten]

Gloppen kjem av norrønt Gloppi, som var det opphavlege namnet på Gloppefjorden, og har truleg tydinga «smal opning». Dette er ei god skildring av Gloppefjordens fjordopning mot Nordfjord i vest, der han smalnar inn mellom Anda og Hestenesøyra.

Lokalt vert namnet uttala gløppinn (med palatal n) og i dativ gløppa. Ein person frå kommunen er ein gloppar eller gløppar.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Gloppen kommune dekkjer 1 040 km², og grensar til seks andre kommunar. I nord grensar kommunen til Eid (over Nordfjorden), i aust til Stryn, i sør til Jølster og Naustdal og i vest til Flora og Bremanger.

Gloppen ligg på sørsida av Nordfjord, med to fjordarmar, Gloppefjorden (også Gloppenfjorden), og Hyefjorden (også Hyenfjorden). Gloppefjorden ligg med fjordopninga mot nordvest, og fjordbotnen mot søraust. Her ligg kommunesenteret Sandane.

Sandane[endre | endre wikiteksten]

Nordstranda[endre | endre wikiteksten]

Ved fjordopninga på austsida ligg Anda, eit nes med ferjekai og ferjetransport over Nordfjorden til Lote i Eid kommune. Sandane lufthamn ligg også her, på garden Hjelmeset. Austsida av fjorden, frå fjordopninga til Sandane inst i fjorden kallast Nordstranda. Her ligg gardane på rekkje og rad. Området er solrikt og landbruket er prega av mjølkeproduksjon, frukt og bær. Nokre gardar er Andenes, Apalset, Vereide, Føleide, Tystad, Gloppestad, Hauge og Austrheim. Midt på Nordstranda ligg ei fjellbygd, delt i ytre og indre Fjellbygda. Her dominerer pelsdyrdrift, mjølkeproduksjon og sauedrift. I fjellområda ovanfor Fjellbygda har flesteparten av gardane på Nordstranda sine stølsområde, og gode stølsvegar gjer stølar og fjell godt tilgjengelege. Det høgste fjellet på Nordstranda, Skarshammaren, ligg i ei samling med mellom anna det særprega fjellet Svinestranda (1000 moh). Haugsvarden er også ei populært turmål, både til fots og på ski.

Vereide[endre | endre wikiteksten]

Vereide har vore busett lenge, og utgravinga av store gravhaugar vitnar om at området har hatt hovdingar heilt attende til 300-talet. Vereide er den største garden på Nordstranda. Garden er opphavleg prestegard, men er splitta opp fleire gonger. Ved fjorden ligg Vereide kyrkje, ei steinkyrkje frå om lag 1200. Prestegarden ligg på eit platå på det som vert kalla Øvre Vereide. Området har fleire gravhaugar og har stor arkeologisk interesse. Vereide ligg på ein morenerygg av sand. Europaveg 39 kryssar platået. Parsellen frå Kleivedammen til Andenes vart opna i 2001, etter at E39 tidlegare hadde gått gjennom Sandane sentrum og til Andenes langs fjorden. I samband med byggjnga var store utgravingar på Øvre Vereide påkravd. Vereide har eit dalføre mot nordaust til Føleide og Ryssfjøra, som ligg mot Nordfjorden.

Nordfjord folkehøgskule grensar til prestegarden i vest, medan Vereide skole ligg like ved mot aust. Ved fjorden ligg S.J. Vereide bakeri med butikkutsal, Vereide gartneri og slakteriet Vereide kjøtt.

Hauge[endre | endre wikiteksten]

Utdjupande artikkel: Karnilshaugen

Garden Hauge er mest kjend for Vestlandet sin største Tinghaug, kalla Karnilshaugen. Haugen ruvar godt i terrenget og frå han har ein utsyn over heile Gloppefjorden. Karnilshaugen er sju meter høg, og har ein diameter på 50 meter. Haugen er truleg ikkje ein gravhaug, men eit astronomisk merkje. Karnilshaugen er det fyrste punktet som får sol ved vintersolkverv, då sola skin gjennom eit skar i fjellet i sør. Det same skjer ved sommarsolkverv då toppen av haugen står i sol medan områda kring er skuggelagd av fjella. Det er ikkje kjent at det finst liknande stader med tilknyting til solfenomen ved solkverv i Norden.[2]

Karnilshaugen ligg på den garden på Hauge som vert kalla «Karnils» (etter Kornelius). På gardstunet («Karnilstunet») står fleire verneverdige bygg, og heile tunet er overteke av stiftinga Karnilstunet. På tunet står også «Karnilsgrana», ei forholdsvis stor gran som vert lyssett kvar jul. Julegrana på Hauge er et landemerke i Gloppen.

Austrheim[endre | endre wikiteksten]

Austrheim er den garden på Nordstranda som ligg nærast Sandane. Namnet tyder 'austgarden og kjem truleg av at det er garden lengst mot aust på denne sida av fjorden. Garden har eit kjent fornminne, ein bautastein med ein skipsfigur. Garden hadde i høgmellomalderen eiga kyrkje, Austrheim kyrkje.

Austreim er tilhaldsstad for Austrheim skule. Til skulekrinsen køyrer også gardane i Fjellbygda, Hauge, Gloppestad og området Øyrane som ligg mot Sandane.

Sørstranda[endre | endre wikiteksten]

På vestsida av fjordopninga ligg Hestenesøyra. Området på vestsida av fjorden frå Hestenesøyra til Sandane vert kalla Sørstranda. Ytterst er fjordsida lite framkomeleg, og garden Devik ligg bratt og åleine her. Lenger inne finn ein «Ivahola», eit avfallsdeponi for heile Nordfjord-regionen. Deponiet er no fullt, og skal avsluttast. Nordfjord miljøverk driv no sorteringsanlegg for avfall i Ivahola.

Sørstranda vidare mot Sandane er eit godt landbruksområde. Det ligg mot nord, og er mindre eigna til fruktproduksjon enn Nordstranda, så landbruket her er hovudsakleg mjølkeproduksjon og pelsdyrdrift. Området er delt med gardar ved fjorden og gardar på platået ovanfor. Namn på nokre gardar er Sande, Rauset, Ravnestad, Rygg, Gimmestad, Grov og Arnestad.

Hyen[endre | endre wikiteksten]

Hyefjorden ligg med fjordopninga mot nord og fjordbotnen mot sør. Hyefjorden er smal, men høge, bratte fjellstup rett i fjorden. Vestsida av fjorden er nærast uframkomeleg, og oppe på fjellplatået på denne sida ligg Ålfotbreen, som dannar grensa mot Bremanger. Ytst på vestsida ligg fire mindre gardar, avhengige av båttransport, med Skjerdal som den største av gardane. Skjerdal er også den einaste som har busetnad heile året. Det går ein smal og idyllisk dal sørsørvest frå Skjerdal, inn under Ålfotbreen. Fleire stader i Hyefjorden finn ein fiskeoppdrett.

På austsida av Hyefjorden ligg fjella som skil Hyen frå resten av kommunen. Ved fjordbotnen ligg bygdesenteret Hyen, med båtbyggeriet Brødrene Aa som den største arbeidsplassen. Hyen har eigen kombinert barne- og ungdomsskule, med om lag 65 elevar. Her finn ein også overnattingsstadane Columbus Center og Vågen Motell og Camping. Hyen deler seg i to dalføre, eit mot vest kalla Vestredalen (eller Vestre Hyen) og eit mot aust, kalla Austredalen (eller Austre Hyen).

Vestre Hyen er størst, og strekkjer seg sørsørvest til Eikefjord i Flora kommune. Mot sør i dette dalføret ligg Storfjorden, eit ferskvatn med godt aurefiske , omgjeve av frodig landbruk. Den største garden på austsida av vatnet er Eimhjellen. Her ligg også Nesholmen leirstad, eit ferie- og fritidssenter drive i samarbeid med KFUK/KFUM.

Det austre dalføret ligg mot sør, svingar austover og nesten mot nord inst, der det stoggar i Storevatnet. Dalen er trongare enn den vestre, men har landbruk nesten heile vegen. Dei inste gardane, Gjengedalen, ligg forholdsvis høgt, men dei beheld sola svært lenge midtsommars. Frå Gjengedalen er det fleire turruter til sørsida av Gloppefjorden. Mot sør dannar fjella grensa mot Naustdal kommune.

Begge dalføra i Hyen har mange stølar, og er populære hytteområde for tur-, jakt- og fiskeinteresserte. Forholdsvis store fjellområde er knytt til Hyen og det finst fleire gode fiskevatn i området.

Breim[endre | endre wikiteksten]

Sokn og kretsar[endre | endre wikiteksten]

Gloppen er inndelt i 3 sokn (delområde) og 25 grunnkretsar.

Folkemengde den 1. januar 2005 :

  • Vereide : 2963
    • Nesjane : 109
    • Vereide : 204
    • Føleide : 156
    • Hauge : 233
    • Øyrane : 141
    • Sandane nord : 432
    • Sandane sentrum : 531
    • Sandane sør : 936
    • Kleivedammen : 163
    • Eide : 58
 
  • Breim : 1583
    • Hetle : 367
    • Re : 129
    • Råd / Bø : 114
    • Hole : 115
    • Byrkjelo : 464
    • Sandal : 124
    • Bergheim : 128
    • Årdal : 60
    • Kandal : 82
 
  • Gimmestad / Hyen : 1229
    • Straume : 200
    • Sande : 292
    • Rygg : 202
    • Mardal : 260
    • Gjengedal : 108
    • Røyrvik : 167
  • Ikkje oppgjeve bustad : 18

Totalt : 5793

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for noverande Gloppen kommune frå 1920:

1.12.1920[3] 1.12.1930[4] 3.12.1946[4] 1.1.1951[5][6] 1.1.1961[5][6] 1.1.1971[5] 1.1.1981[5] 1.1.1991[5] 1.1.2001[5] 1.1.2010[5]
2410ab 2390ab 2530ab 2455ab 2328ab 2144a 2223a 2205a 2201 2199
aTalet omfattar krinsen Lote, som var del av Gloppen kommune fram til 1992, då han vart overført til Eid kommune. Dette området hadde då 158 innbyggjarar.
bTalet omfattar grenda Førde, som var del av gamle Breim kommune fram til kommunesamanslåinga i 1964, då området vart overført til Jølster kommune. Dette området hadde då 38 innbyggjarar. Talet omfattar Hoplandsgrenda, som var del av Gloppen kommune fram til 1965, då det vart overført til Stryn kommune. Dette området hadde då 42 innbyggjarar.

Tusenårstad[endre | endre wikiteksten]

Kommunen sin tusenårstad er Heradsplassen mellom Gloppen Heradshus og Sparebanken Sogn og Fjordane. Heradsplassen er eit brusteinslagt og bilfritt område.

Midt på plassen står monumentet «Tankeringen». Det er ein forstørra variant av ein tregjenstand som vart funne i grava til ein hovding på Eide («Eidahovdingen») frå 400-talet. Gjenstanden har i ettertid fått namnet «Tankeringen» og er skore frå eit stykke bjørk. Den er dynamisk, og kan trekkjast til å endre form og ulike geometriske figurar, samt leggjast saman til eit rektangel. Tankeringen er dekorert med liner, geometriske mønster og figurar. Den originale tankeringen vert oppbevart på Historisk Museum i Bergen. Dette er den einaste treutskjering av denne typen som er funne i Noreg. De einaste liknande gjenstandar er to som er funne i Iran og Afghanistan. Ingen veit kva «tankeringane» hadde slags føremål. Nokre meiner dei var «magiske» symbol til spådom.

Heradsplassen har også ei fontene, og mot banken står ein statue av ein fjordhest, eller «fjording», som også er kommunesymbolet, og framstilt i kommunevåpenet. På plassen er det planta tre og blomar og utplasserte benker gjer plassen til ein naturleg og fredeleg møtestad.

Kjende glopparar[endre | endre wikiteksten]

Jon Austrheim stortingsmann og statsråd for samferdsel(1912)

Arkiv frå Glopppen kommune[endre | endre wikiteksten]

Kommunale arkiv. Henta frå Arkivportalen.no

Private arkiv. Henta frå Arkivportalen.no

Statlege arkiv. Henta frå Arkivportalen.no

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kjelde: SSB
  2. http://www.arild-hauge.com/solhverv.htm Om Karnilshaugen (med bilete)
  3. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  4. 4,0 4,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 Folkemengd i Gloppen 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  6. 6,0 6,1 Folkemengd i Breim 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Andre kjelder[endre | endre wikiteksten]