Karymskij
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Karymskij | ||
|---|---|---|
|
|
||
| Høgd over havet | 1536 moh | |
| Ligg i/på | Kamtsjatka i Russland | |
| Koordinatar | Koordinatar: | |
| Fjelltype | Stratovulkan | |
| Bergartar frå | Holocen | |
| Siste utbrot | 2007 | |
| Lettaste rute | lett klatring på stein og snø. | |
Karymskij (russisk Карымская сопка - Karymskaja sopka) er ein vulkan på Kamtsjatkahalvøya i Russland. Han er ein av dei mest aktive vulkanane aust på Kamtsjatka og er ein symmetrisk stratovulkan med ein 5 km brei kaldera som vart danna tidleg i holocen. Mykje av kjegla er kappa av lavastraumar som er mindre enn 200 år gamle. Historiske utbrot har vore vulkanisk eller vulkanisk-strombolske med moderat eksplosiv aktivitet og stundom lavastraumar frå krateret. Vulkanen er kalla opp etter karymane.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Karymsky» frå Wikipedia på engelsk, den 17. september 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: