Kategoridiskusjon:Pannekaker

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kategoriane Rørebakst og Pannekaker bør truleg bli slått saman. --Ekko 09:54, 28 desember 2007 (CET)

Godt muleg det, ja. Som ei kortsiktig løysing har eg lagt pannekakekategorien inn under rørebakst. Om vi får inn minst ein 8–9 pannekaketypar, så kan underkategorien truleg stå (?); om ikkje, så bør dei definitivt slåast saman. -- Olve 14:30, 28 desember 2007 (CET)
Det blir jo ein artig jobb å finne rørebakst som ikkje er pannekakar (og smake seg fram til om dei fortener leksikonartiklar). Eg kjem i farta berre på vannbakkels, men i gruppa vannbakkels har me jo både éclairs, profiterolar, Eberswalderkransar, churros og gougères. --Ekko 15:35, 28 desember 2007 (CET)
Det er ein god del vaffeltypar — med mindre dei skal få sin eigen kategori, da. Og så har vi no avletter, krumkaker, muffins (under tvil) osv. -- Olve 17:53, 28 desember 2007 (CET)
Avletter, krumkaker og goro så absolutt. Men muffins er vel meire formkaker? --Ekko 19:12, 28 desember 2007 (CET)
Formkaker, ja. Goro blir laga av deig og utkjevla i nokre variantar, og er rørebakst i andre. -- Olve 19:21, 28 desember 2007 (CET)
Òg så må vi ikkje gløyma «fattigmenn». --Sigmundg 19:26, 28 desember 2007 (CET)
Som frityrbakst, ja. Men fattigmenn er vel alltid laga av deig heller enn røre? -- Olve 19:27, 28 desember 2007 (CET)