Muffins

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Muffins on a plate.jpg
Muffins in oven.jpg

Muffins er små koppforma, søte og mjuke kaker. Ordet kjem frå fransk moufflet som i denne samanhengen tyder mjuk.

Tradisjonelle muffins er baka med gjær og liknar eit rundstykke. Namnet kan i Storbritannia sporast attende til det ellevte hundreåret.

Moderne muffins er ei amerikansk oppfinning. Dei vert baka med bakepulver og natron, og kan vera på storleik med knyttneven til ein vaksen mann eller større. Ofte blandar ein bær, frukt, syltetøy, sjokolade eller krydder i røra.