Kendo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
Kendo
(剣道)
Kendo EM 2005 - taiatari.jpg

Fokus Våpen (shinai, bokken for kata)
Hardleik fullkontakt med rustning og kata
Opprinnelsesland Flag of Japan.svg Japan
Stammer frå Kenjutsu

Kendo (剣道), (剣 for sverd, 道 for vegen eller måten), er ein japansk kampsport med fekting. Kendo utvikla seg ifrå tradisjonelle teknikkar innan japansk sverdkunst, kjent som kenjutsu.

Kendo er ein krevande aktivitet på det fysiske og mentale planet, som er prega av formaliserte verdiar rundt kampsporten og krevande sportslege element.

Utøvarar av kendo vert kalla kendoka (剣道家), som tyder ein som utøver kendo, eller kenshi (剣士), som tyder sverdmann.

Kendo vert utøvd i tradisjonelle klede og ei rustning kalla bogu, med ein eller to bambussverd kalla shinai. Rørslene i kendo er forskjellige ifrå europeisk fekting, på grunn av korleis sverda i Japan er lagd forskjellig ifrå dei europeiske. Måten det er brukt på er også forskjellig. Ulikt vestleg fekting brukar kendo slag med ein definert egg på enden av shinaien.

Kendo trening kan vere ganske bråkete samanlikna med andre kampkunster og sportar. Dette er av di kendoka brukar eit skrik, eller kiai, for å uttrykke ånd og når eit treff eller kutt vert gjort. Den fremste foten skal og lande i bakken so ein høyrer det.

Sporten er meint å passe for alle uavhengig av kjønn.

Innhaldsliste

[endre] Gradering

Det finst ikkje noko beltesystem i kendo og ein har ikkje noko plagg som signaliserar gradering. Det eksisterar eitt sett kyu-grader for nybyrjarar, og dan-grader for dei som har oppnådd eit nivå tilsvarande svart belte i andre sportar.

På syttitalet gjorde ein dei høgaste graderingane vanskelegare å oppnå som ein heder til den avdøde 10. danen Moriji Mochida for hans dyktigheit. Det er no i praksis umogleg å oppnå høgare rangering enn 8. dan, i seg sjølv ein grad med ein av verda sine høgste strykprosentar.

[endre] Skader

Kendo er ein tøff sport der ein utdeler hugg og støt imot kvarandre. Ei god rustning dempar kor hardt ein kjenner slaga, og alle rustningar skal gjere hugga ufarlege. Under moderne trening og konkurranse er skadane som regel avgrensa til belastningsskader, stikkskader og blåmerker. Det er populært å gå til innkjøp av ekstra beskyttelse, for håndledd, kne og hæl.


For sikkerheits skuld er tsuki-støtet imot halsen forbudt å utføre utan dan-gradering og spesielle avgrensingar, sjølv om hjelmen har spesiell halsbeskyttelse. Det eksisterar eigne dojoar i Japan for den som ønskjer ekstremt hard fekting med skader, men dette er langt utanom det som er vanleg og går over i det som må kunne kallast ein sær form for ekstremsport.


Til samanlikning har trening i Iaido og Iaijutsu med shinken ein viss risiko for alvorleg og livstruande skade ved feil utføring og uhell. Dette skjer forholdsvis sjeldent.


[endre] Sjå og

Utøvarar med naginata driv ein liknande kampsport med ein japansk form for hellebard og ei rustning mykje lik den ein nyttar i kendo. Utøvarar av kendo kan konkurrere imot ein utøvar med naginata. Dette er gjerne uformelle samankomstar, då dei fleste ikkje er lært opp i eit pensum der forskjellige våpentypar i fekting konkurrerar.

[endre] Bakgrunnsstoff


[endre] Norske Kendoklubbar