Hellebard
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vakter frå Sveitsergarden utanfor eit skilderhus i Vatikanet. Paven si livvakt er væpna med tradisjonelle hellebardar og ber uniformer inspirerte av klesdrakta som sveitsiske leigesoldatar og tyske landsknektar bar sist på 1400-talet
Hellebard er eit våpen som er samansett av eit økseblad og ein spydspiss på enden av eit langt skaft. Hellebardar var mykje brukte blant fotsoldatar på 1300-talet og 1400-talet og blir enno bore som seremonielt skaftevåpen av Sveitsargarden i Vatikanet. Ein kan òg finne hellebarden i somme av dei bergenske bogekorpsa.
Historikk [endre]
Teikning frå 1513 som viser bruk av hellebardar i kamp under den gamle krigen om Zürich i 1443
Utforming, utbreiing og bruk [endre]
Hellebardane hadde gjerne tre element på ei stong:
- eit økseblad til å hogge med
- ein spydspiss til å stikke med
- ein hake til å krøke fast t.d. kavaleristar i rustning eller til å deformere rustningar.
Hellebarden var billig å lage, og kunne brukast på ulike måtar i kamp, både i forsvar og angrep. Hellebardar var hovudvåpenet for dei tidlegare sveitsiske hærane på 1300-talet.
Etymologi [endre]
Orda hellebard kan komme frå dei tyske orda halm («stamme») og barte («øks»). Det er òg mogleg at ordet er avleidd frå hellebaard som tyder helvetesbart på nederlandsk.
- Denne artikkelen bygger på «Hellebard» frå Wikipedia på bokmål, den 22. oktober 2010.