Kenth Eldebrink

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kenth Eldebrink
Statsborgarskap Sverige
Fødd 14. mai 1955 (68 år)
Morjärv
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1984

Kenth Eldebrink (fødd 14. mai 1955) er ein svensk tidlegare spjutkastar frå Morjärv som vann bronsemedaljen i øvinga under Sommar-OL 1984 i Los Angeles.

Eldebrik vart sjettemann i spjutkast-tevlinga då den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett vart avvikla i Helsinki i august 1983. Få veker seinare sette han svensk rekord då han kasta spjutet 91,14 meter i Stockholm. Under dei olympiske sommarleikane 1984 sikra han seg bronsemedaljen med eit kast på 83,72 m.

Hans yngre bror Anders Eldebrink vart i 1987 verdsmeister i ishockey med Sverige sitt landslag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]