Kerinci

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vulkanen Kerinci i 1987

Gunung Kerinci er ein 3 805 meter høg stratovulkan på øya Sumatra i Indonesia. Det er den høgste vulkanen i Indonesia, og det høgste fjellet på Sumatra. Fjellet ligg i provinsen Jambi, i den sentrale delen av Sumatra, i Barisanfjella nær sørvestkysten på øya og om lag 130 kilometer sør om Padang.

Vulkanen er det mest framståande kjenneteiknet i nasjonalparken Kerinci-Seblat, og reiser seg med barskogskledde bergsider mellom 2 400 og 3 300 meter over det kringliggjande landskapet. Vulkanen er 8 kilometer brei og 25 kilometer lang ved fjellfoten, noko som gjer han avlang i retning nord-sør. Ved toppen finst eit djupt og 600 meter vidt krater som ofte er delvis fylt med eitt grøngult vatn. Kerinci er ein av dei mest aktive vulkanane på Sumatra, siste utbrot fann stad i 2009.

I 1877 tok to mann seg til topps på Kerinci, som dei aller fyrste.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]