Bartre
| Bartre | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Plantae | |
| Rekkje: | Pinophyta | |
| Klasse: | Pinopsida | |
| Ordenar og familiar | ||
|
||
| Vitskapleg namn | ||
| Pinophyta | ||
Bartre (rekkje Pinophyta) er nakenfrøplantar som finst mest overalt i verda (unnateke polane, ørken og nokre øyer.) Bartrea kjenneteiknast av nål- eller skjelforma blader. Rekkja inneheld dei største, lengslevande og høgste levande organismane i verda.
Det er ikkje fullstendig semje om den innbyrdes klassifiseringa av bartre. Alle er samde om at rekkja Pinophyta inneheld berre éin klasse, Pinopsida. Denne klassa har berre éin nolevande orden, Pinales, som inneheld seks eller sju familiar. Sume foreslår at familiane Taxaceae og Cephalotaxaceae skal vera i sin eigen orden.
Alle bartre har ved. Flestalle er tre, nokre få er buskar. Bartre har korkje blomar eller frukter i rett biologisk forståing, men dei hannlege og holege kjønnsorgana vert ofte omtalte som blomar, og arillus som danast kring frøet hjå sume artar (sers barlindfamilien) er ofte kalla for frukt. Det er likevel viktig å skilja mellom desse sokalla blomane og fruktene og ekte blomar og frukter, som berre finst hjå dekkfrøplantar.
I likskap med andre nakefrøplanterekkjer er det relativt få bartreartar, ca. 600.
[endre] Bartre i Noreg
I Noreg finst ca. 30 bartreartar, frå ti slekter i tre familiar (barlindfamilien, furufamilien og sypressfamilien).