Kerogen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kerogen er ei blanding av organisk sambinding som finst i sedimentære bergartar.[1] Det er uløyseleg i vanlege løysemiddel på grunn av stor molekylvekt (over 1000) for bestanddelane. Den løyselege bestanddelen av petroleum blir kalla bitumen. Når kerogen blir oppvarma til riktig temperatur i jordskorpa, avgjer einskilde typar av kerogen råolje eller naturgass, som blir kalla hydrokarbonar (fossilt brensel). Når slikt kerogen er tilstades i høg konsentrasjon i bergarter slik som skifer, og ikkje er varma opp til ein tilstrekkeleg høg temperatur til å avgje hydrokarbonet sitt, kan dei danne oljeskiferavsetningar.

Stoffet er samansett som eit makromolekyl av karbon, hydrogen, litt oksygen og mindre mengder svovel og nitrogen, vanlegvis innanfor grensene 77–83 % karbon, 5–10% hydrogen og 10–15% oksygen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Oilfield Glossary