Kill 'Em All

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kill 'Em All
Studioalbum av Metallica
Utgjeve 1983
Innspelt 1983
Sjanger Trash Metal, speed metal
Lengd 51:13
Selskap Megaforce

Kill 'Em All er debutalbumet til Metallica, sloppe ut 29. juli 1983.

Albumet er kjend for raske og særs punk-inspirerte riff. Sologitaristen i Metallica, Kirk Hammett har ikkje vorte kreditert nokon av songane. Dette er fordi den førre sologitaristen, Dave Mustaine, vart sparka rett før innspelinga.

Bandet ville provosera med å kalle denne plata Metal Up Your Ass, og ynskte eit bilete på omslaget av ei toalettskål med ein spiss metalldolk stikkande opp. Dette nekta plateselskapet å vera med på, og tittelen vart erstatta av det marginalt mindre støytande namnet Kill 'Em All, som ei helsing til plateselskapet. Omslaget fekk i staden biletet av ein blodig hammar.

Kill 'Em All inneheld fan-favorittar som «The Four Horsemen», «Seek & Destroy» og «Whiplash». Desse låtane vert ofte spelte på konsertar. Metallicas tidlegare bassist Jason Newsted brukte å vera vokalist på låten «Whiplash» under den tre år lange verdsturnen etter albumet Metallica.

Sporliste[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hit the Lights» (J. Hetfield. L. Ulrich) 4.17
  2. «The Four Horsemen» (J. Hetfield. L. Ulrich. D. Mustaine) 7.08
  3. «Motorbreath» (J. Hetfield) 3.03
  4. «Jump in the Fire» (J. Hetfield. L. Ulrich. D. Mustaine) 4.50
  5. «(Anesthesia) Pulling Teeth» (C. Burton) 3.27
  6. «Whiplash» (J. Hetfield. L. Ulrich) 4.06
  7. «Phantom Lord» (J. Hetfield. L. Ulrich D. Mustaine) 4.52
  8. «No Remorse» (J. Hetfield L. Ulrich) 6.24
  9. «Seek & Destroy» (J. Hetfield. L. Ulrich) 6.50
  10. «Metal Militia» (J. Hetfield. L. Ulrich. D. Mustaine) 5.11