Studioalbum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit studioalbum er eit musikkalbum innspelt i eit platestudio. Det inneheld vanlegvis ikkje konsertopptak eller remiksar, og i dei tilfella ein finn slike spor vert dei ofte kalla «bonusspor». Tidlegare, i grammofonplate-tida, var ofte LP (Long Play record) synonymt med studioalbum, sjølv om ein LP òg inkluderer samlealbum og konsertalbum, som ein reknar som to andre former for musikkalbum. Studioalbuma vert som regel rekna som dei «verkelege» albuma til ein artist, og plar vere den typen musikkalbum som sel mest.

Eit studioalbum er (som regel) over 25 minuttar langt, men det finst døme på album som er kortare. Lengda på studioalbum har vore avgrensa av mediumet dei er gjevne ut på. For ei grammofonplate var som regel den øvre grensa 45-46 minutt fordelt på to sider. På ei kompaktplate (CD) er grensa opp mot 80 minutt, sjølv om ein sjeldan finn studioalbum med desse lengdene. Studioalbum har som regel god lydkvalitet sidan dei er spelte inn og arbeidde med i ofte avanserte studio med profesjonelle produsentar og lydteknikarar. Dei første studioalbuma som kom vart derimot spelte inn med primitive teknikkar, og gjerne berre med eitt til fire spor. Etter kvart som teknikken har utvikla seg har ein derimot kunne leggje på fleire og fleire spor på ein song, slik at songen i praksis ikkje lèt seg gjenskape på konsertar slik som på plate.

For å promotere eit studioalbum vert det ofte gjeve ut musikksinglar, gjerne med musikkvideoar føre albumsleppet. Ein stor hit kan hjelpe til at sjølve studioalbumet sel meir. I tillegg vert det ofte gjeve såkalla «promosinglar» til radiostasjonar, for at songane skal verte spelte på radio. Det er blitt stadig vanlegare at desse singlane som kjem i etterkant er remiksar av låtane på albumet. Dei siste åra har derimot singelsalet minka kraftig på grunn av auka nedlasting av musikk (både lovleg og uloveleg) over Internet.