Kirk Hammett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kirk Hammet
Kirkhemmettwien07.JPG
Kirk Hammett i Wien i 2007
Verkeleg namn Kirk Lee Hammett
Fødd 18. november 1962 (52 år)
Instrument Gitar
Sjanger Heavy metal
Thrash metal
Aktive år 1980 - i dag
Nettside http://www.metallica.com/

Kirk Lee Hammett (fødd 18. november 1962) er sologitarist i heavy metal-bandet Metallica.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Kirk Hammett byrja å spele gitar som 15-åring, då han arva musikkinteressa frå broren, og fekk sansen for Jimi Hendrix, Led Zeppelin og UFO.

Han har gått i lære hos Joe Satriani der han lærte å spela blues, jazz og klassisk gitar.

Før Metallica, starta Hammett bandet Exodus saman med trommeslagaren Tom Hunting, men han forlét bandet til fordel for Metallica.

1. april 1983 fekk Hammett ein telefon frå Metallica som nyleg hadde skilt lag med Dave Mustaine og ville ha Hammett til å stilla på prøvespeling. Hammett trudde dette var ein aprilspøk, men det var det ikkje. Han vart betalt for å reise ut av California for fyrste gong, og møtte dei tre medlemmene i Metallica på ein flyplass. Metallica fann fort ut at Hammett var ein av dei etter at han improviserte soloen i Seek and Destroy, og 16. april fekk han stillinga som hovudgitarist.

Kirk Hammett har kontrakt med ESP Guitars, som lagar dei populære signatur-modellane hans.

Den første forsterkaren til Hammett laga han sjølv av ei skoeske og en 4" høygtalar.

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!