Kim Possible

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kim Possible er ein amerikansk teiknefilmserie produsert av The Walt Disney Company sidan 2002. Hovudpersonane er tenåringsjenta Kim Possible og bestevenen hennar Ron. Saman reddar dei verda frå vonde skurkar, samtidig som dei går på skulen som alle andre. I Noreg har serien vorte sendt på Disney Channel og NRK1.

Figurar[endre | endre wikiteksten]

  • Kimberly Ann Possible - Kim er ei ung skolejente og eit heiagjengmedlem med eit heilt vanleg liv. Men når hun får beskjed frå Wade om dei vonde planane til Dr. Drakken og Shego er ho, saman med bestevenen Ron, ein superhelt.
  • Ronald Stoppable - Ron er medhjelparen til Kim. Han elskar nachos og har ei nakenrotte som heiter Rufus.
  • Wade Load - Den allvetande koordinatoren. Wade gir bod på Kim når verden ser ut til å verte overteken av Kim sine mange fiendar.
  • Rufus - Rufus er ei nakenrotte, og kjæledyret til Ron.
  • Doktor Drakken - Doktor Drakken er ein vond, ekkel skurk, og ein typisk galen vitskapsmann. Saman med Shego lagar han trøbbel for Kim.
  • Shego - Shego er doktor Drakkens vonde medhjelpar. Ho er truleg Kim sin argaste motstandar. Ho kan skyte energistrålar frå dei grønglødande hendene sine.
  • Lord Monkey Fist - Ein rik, eksentrisk arkeolog. Han er trenet i Monkey Kung Fu og har genetisk forandra hendene og føtene til å likne lemmane til ein ape.
  • Professor Dementor - Dementor er ei ravande galen vitskapsmann som konkurrerer med Dr. Drakken om å ta over verdsherredømet fyrst.
  • Señor Senior, Sr. - Ein eksentrisk, spansk euro trash-millionær som likar å leike skurk.
  • Señor Senior, Jr. - Son av Senior Sr. Junior er ein einfaldig playboy som er skurk mest for å jatte med faren.
  • Gill Moss - Eit genetisk mutert sumpvesen.
  • DNAmy (Amy Hall) - Ein galen, kvinneleg forskar som genmanipulerer dyr for å skape nye og betre leikedyr.
  • Duff Killagan - Duff er ein vond golfspelar og skurk som bruker eksploderande golfballar til å bombardere Kim og Ron med.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Kim Possible