Kitzbühel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kitzbühel er ein by og ein kommune i forbundslandet Tirol i Austerrike. Byen ligg ved elva Achen, sentralt i Kitzbühleralpane. Kitzbühel er distriktshovudstad i distriktet ved same namn som byen. Kommunen ligg rundt 95 km aust for Innsbruck, hovudstaden i forbundslandet.

Utsyn mot Kitzbühel frå fjellet Hahnenkamm

Kitzbühel er ein av dei mest kjende vintersportsstadene i Austerrike. Kvar vinter i januar vert Hahnenkamm-renna, tevlingar i slalåm og utfor som inngår i verdscupen i alpint, arrangert frå fjellet Hahnenkamm ved Kitzbühel.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]