Tiroler Achen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tiroler Achen
Tiroler Ache.jpg
Utspring Kitzbühleralpane
Munning Chiemsee
Land i nedslagsfelt Tyskland Tyskland
Flag of Austria.svg Austerrike
Lengd 79 km

Tiroler Achen er ei elv i Austerrike og Tyskland med utspring i Kitzbühleralpane som Großache der elvane Kitzbühler Ache, Reither Ache og Fieberbrunner Ache renn i hop. I Bayern vert elva kalla Tiroler Achen, og her munnar ho ut i Chiemsee.

Elva har ei lengd på 79 km, der 24 km renn i det tyske landkreiset Traunstein. Elvedeltaet er erklært eit naturreservat.

I 1970-åra vart elva rekna som svært forrureina på grunn av forureining frå spillvatn. Økologiske tiltak vart gjennomført og elva er i dag rekna som moderat forureina.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]