Kjosfossen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 60°44′48″N 07°08′09″EMal:Koord/input/feil2

Kjosfossen
Tog på Flåmsbana stoppar ved Kjosfossen haldeplass slik at dei reisande kan få sjå fossen.
Foto: Filipe Carvalho

Kjosfossen er ein foss i Flåmselvi i Aurland kommune i Sogn og Fjordane. Fossen, som er ein av Norges mest vitja turistattraksjonar,[1] ligg like nedom Reinungavatnet, øvst i Flåmsdalen. Fossen har ei total fallhøgd på 225 meter, fordelt på fleire fall med ei horisontal lengd på rundt 700 meter.[2]

Flåmsbana passerer rett framom og over den nedre delen av fossen, og fossen er ein av hovudattraksjonane for turistane som tek Flåmsbana. Her ligg Kjosfossen haldeplass, som vart opna i 1951 for at dei som reiser med banen skal kunne gå av toget og oppleve fossen på nært hald.[3] Fossen og haldeplassen ligg rundt fire kilometer frå Myrdal stasjon. Under hovudturistsesongen om sommaren vert det halde ei stutt huldreframsyning med musikk og dans oppe ved fossen når toget kjem inn på haldeplassen.

Det er bygd eit mindre kraftverk i fossen, Kjosfoss kraftverk, for å gje straum til baneanlegget.[4]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. dagsavisen.no: «Norges mest besøkte turistattraksjoner»
  2. Ole Kristian Spikkeland (1999), Verneverdier og brukerinteresser i Flåmsvassdraget, Norges vassdrags- og energidirektorat, s. 17.
  3. jernbaneverket.no: «Kjosfossen»
  4. Kjosfossen, flamsbana.no

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kjosfossen