Knut Westad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Knut Westad
Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. juli 1955
Hamar kommune
Død

29. mars 2017 (61 år)
Sandefjord kommune

Yrke illustratør, teikneserieskapar

Knut Westad (16. juli 195529. mars 2017)[1] var ein norsk kunstnar, teikneserieteiknar og illustratør.

Westad var spesielt kjend for arbeidet sitt med teikneserien Fantomet. På 1980-talet var han blant dei mest iherdige leverandørane av forsideillustrasjonar til bladet. Etter kvart byrja han òg å levera hovudforteljingar til Fantomet, som den fyrste norske kunstnaren i staben til serien. På slutten av 1980-talet produserte han serien Tåkehauk for Bellona-magasin, kor han fekk vist andre sider av talentet sitt.

Etter lengre tids sjukdom, der han mellom anna mista førleiken i høgrehanda, trente han seg opp til å teikna med venstrehanda. I 1998 og 2001 publiserte Thule forlag fyrste og andre bind i serien Tigalo, der Westad både teikna og skreiv manus. Tigalo var opphavleg planlagt som ein trilogi, men det tredje bindet kom aldri.

Westad var òg teiknaren til dei nye utgjevingane i serien Ingeniør Knut Berg på eventyr frå 2007 til 2009, som hadde manus av Jon Bing og Tor Åge Bringsværd.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Informasjon Knut Westad» (på norsk). Bøe begravelsesbyrå. Henta 28. april 2017.