Kolkhoz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slottonn på ein kolkhoz i Orhei rajon i Moldova.

Kolkhoz (russisk колхоз, av коллективное хозяйство), forkorting av kollektivnoje khozjastvo, det vil seie kollektiv næringsdrift, var ei form for storskala landbruksdrift i Sovjetunionen, organisert som eit samvirke og som forvalta den sosialistiske, kollektive medlemskapen.

Medlemene i eit kolkhoz var formelt sett innehavarar, som fellesskap, eigarar av produksjonsmidlane. Jorda høyrde derimot staten til. Staten hadde likevel stor innverknad på kolkhoza gjennom kommunistpartiet sin rett til å utnemne leiarar for kolkhoza. Kolkhoza vart pålagt produksjonsmål, og dei måtte levere varene til statleg fastsette prisar.

Dei fyrste kolkhoza vart danna etter 1917 på frivillig basis, men frå 1929 vart alle enkeltbøndene tvangskollektivisert. Motsvarande den kollektive landbruksdrifta, kolkhoza, var den statlege landbruksdrifta, i Sovjetunionen kalla for sovkhoz. Kolkhoza dreiv litt over halvparten av jorda i Sovjetunionen.

Til ein viss grad vart kolkhoz-systemet etterlikna i andre statar med kommuniststyre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!