Kollikvativ nekrose

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kollikvativ nekrose eller likvefaksjonsnekrose, også kalla blautgjerande nekrose, er ein form for nekrose der cellevev blir omgjord til flytande og viskøs masse.[1] Det er ofte tilknytt fokalinfeksjon med bakteriar eller sopp. Ved kollikvativ nekrose blir cella fullstendig oppeten av hydrolytiske enzym. Dette resulterer i ein mjuk og omslutta lesjon av puss og væskerestar, der særleg daude leukocyttar (kvite blodceller) ligg att som eit kremete, gult puss.[1] Kollikvativ nekrose er vanlegvis assosiert med formasjon av abscessar, og dei finst ofte i sentralnervesystemet.

Kollikvativ nekrose i hjernen[endre | endre wikiteksten]

Hypoksisk celledød i sentralnervesystemet kan føra til kollikvativ nekrose.[1] Utskiljing av fordøyingsenzym set fart i ein prosess der lysosom omset cellevev til puss. Tap av vevsarkitektur fører til at vevet kan blautgjerast. Det aktuelle området er mjukt, har eit blautt midtstykke og er rikt på nekrotisk celleavfall. Seinare vil det formast eit cysterom. Cysterommet inneheld nekrotisk celleavfall og makrofagar fylt med fagocyttert materiale. Cysteveggen i hjernen er forma av prolifererande kapillærar, betennelsesceller og gliose (prolifererande gliaceller). Abscesshòler andre stader i sentralnervesystemet har ein cystevegg som er forma av prolifererande fibroblastar.

Kollikvativ nekrose i lungene[endre | endre wikiteksten]

Likvefaktiv nekrose kan også oppstå i lungene.[2][3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Robbins and Cotran: Pathologic Basis of Disease, 8th Ed. 2010. Side 15
  2. «Cell Injury». Henta 15. mai 2009. 
  3. Quaia E, Baratella E, Pizzolato R, Bussani R, Cova MA (Mars 2009). «Radiological-pathological correlation in intratumoural tissue components of solid lung tumours». Radiol Med 114 (2): 173–89. 
Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.