Sopp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
Sopp

Lactarius hepaticus
Lactarius hepaticus er ein storsopp

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Fungi

Sopp (Fungi) er ei stor gruppe heterotrofe, eukaroyte organismar som lever over heile verda. Dei høyrer korkje til planteriket eller dyra, men er eit rike for seg sjølv.

Dei fleste sopp er mikroskopiske, men somme dannar store fruktlekamar for å spreie sporene sine. Det er desse me vanlegvis forbindar med ordet.

Innhaldsliste

[endre] Økologi

Nokre soppar er parasittar («snyltesopp») medan andre er saprofyttar («råte- og strøsoppar» som bryt ned daudt organisk materiale). Mange sopp får dessutan næringen sin frå samarbeid med andre organismar; særleg økologisk viktig er mykorrhizasopp, som lever i eller rundt røtene av plantar. Lav er eit anna døme på symbiotisk sopp.

Dei fleste soppar lever likevel av detritus; daudt organisk materiale. Stort sett tyder dette planter, men det er óg mange artar som lever av og på dyr.

[endre] Sopp som mat

Sjampinjong er matsopp.
Sjampinjong er matsopp.

Mange artar av sopp kan brukast til mat. Til dømes: sjampinjong, kantarell, trøffel, steinsopp, sauesopp og nokre typar piggsopp. Mange andre soppar er giftige, til dømes raud, kvit og grøn flugesopp, og spiss giftslørsopp. Dersom ein plukkar sopp sjølv må ein vera sikker på at det er matsopp før bruk.

[endre] Sjå òg

Globus Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.

Sjå òg: Oversyn over biologispirer.

[endre] På verdsveven

Commons har multimedia som gjeld: Sopp
Personlege verktøy