Kommunar i Italia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Administrativ område i Italia:
- Regionar (svarte grenser)
- Comuni (grå grenser)

Comune (fleirtal comuni) eller kommune i Italia er ein grunnleggande administrativ inndeling av både provinsar og regionar, tilsvarande norske kommunar (men vanlegvis med mindre utstrekking).

Kommunane vert styrt av ein borgarmeister (sindaco) som vert assistert av eit kommunestyre kalla Consiglio Comunale. Rådhuset ligg vanlegvis i ein bygning kalla Municipio eller Palazzo Comunale.

I 2001 var det 8 101 kommunar i Italia. Kommunen Roma er den største både i areal (1 285,30 km²) og folketal (2,5 mill.). Fiera di Primiero i provinsen Trento er den minste med ei flatevidd på berre 0,10 km² og Morterone (provinsen Lecco) har færrast innbyggjarar med 33.

Ein comune består vanlegvis av ein hovudby eller landsby som nesten i alle tilfelle har same namn som kommunen, i tillegg til andre omliggande område kalla frazioni (eintal frazione).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]