Kommutativitet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kommutativ)
Kommutativitet i addisjon: 3 + 2 = 2 + 3.
Kommutativitet eller den kommutative lova er eit omgrep innan matematikk, særleg innan abstrakt algebra, som viser til at ein får same resultat sjølv om ein endrar rekkefølgja på operatorane. Ein binær operasjon
er kommutativ dersom
for alle a og b. For addisjon er rekneregelen a + b = b + a.
Moderne algebra har i utstrakt grad drive med ikkje-kommutative system, til dømes der den kommutative lova ikkje gjeld for multiplikasjon. Slike system vert kalla anti-kommutative. I ei gruppe kalalr ein elementet c bestemt ved likninga a·b = c·b·a for kommutatoren til a og b.
Kjelder [endre]
- den kommutative lov. (2011-10-29) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/den_kommutative_lov