Addisjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk

Addisjon, å leggja til eller plussing er ein av dei grunnleggjande rekneartane innan aritmetikken. Ved addisjon legg ein saman verdien av to (eller fleire) tal, til ein sum. Symbolet for addisjon er +. Tala som blir addert blir kalla addendar eller ledd.

Eit enkelt døme er at 1 + 2 = 3. Addisjon med eit negativt tal er det same som subtraksjon Døme: 1 + (-2) = -1

Meir generelt er addisjon den binære operasjonen til ei abelsk gruppe; han er assosiativ og kommutativ og har eit identitetselement normalt skrive som «0» . I tillegg har alle element x eit inverst element -x.

[endre] Sjå òg