Binær operasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Viss S er ei mengd, er ein binær operasjon er ein funksjon \cdot : S \times S \rightarrow S som tek to element frå S og gjev eit anna element i S som resultat. Det vil seie at viss a og b er to element i S, så er òg a\cdot b med i S.

Døme[endre | endre wikiteksten]

Viss S er mengda av dei heile eller reelle tala, er addisjon, +, subtraksjon, -, og multiplikasjon, ×, binæroperasjonar som er definerte på S.

Ei gruppe er ei mengd S og ei binæroperasjon på S, som oppfyller visse aksiom.