Kong Haakon VIIs minnemedalje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kong Haakon VIIs minnemedalje 1. oktober 1957 er ein medalje som vart innstiftet til minne om den avlidne kong Haakon VII i høve gravferda hans.[1] Graverda til kongen fann stad 1. oktober 1957.

Utføring[endre | endre wikiteksten]

Medaljen er i gull og sølv og har eit portrett av kong Haakon på advers. Kongen er avbilda utan krone etter eit portrett av myntgravøren Ivar Throndsen.[2] Portrettet er omgjeve av omskrifta «HAAKON • VII • NORGES • KONGE •». Revers viser monogrammet til kongen. Medaljongen har ei kongekrone på toppen. Ho er hengt opp i eit raudt band, som har ei sølvspenne med innskrifta «1. OKTOBER 1957».[3]

Tildeling[endre | endre wikiteksten]

Minnemedaljen vart tildelt personar som hadde oppgåver i samband med gravferda til kongen. I gull vart det utdelt 26 medaljar, for det meste til militære. Det vart utdelt 54 sølvmedaljar, 48 av dei til offiserar frå Hæren, Sjøforsvaret og Luftforsvaret, som leidde æresavdelingene ved gravferda.[3]

Rangering[endre | endre wikiteksten]

Medaljen rangerer som nummer 30 i rekkja av offisielle norske utmerkingar.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Heder og ære. Nasjonale og internasjonale dekorasjoner brukt i Norge Arkivert 24. september 2015 på Wayback Machine., bilag til Forsvarets Forum, nr. 5, 2012, Oslo: Forsvarets Forum / Forsvarets Veterantjeneste, 2012, s. 22.
  2. «H. M. Kong Haakon VII's erindringsmedalje med spenne 1. oktober 1957», Nordisk Numismatisk Unions Medlemsblad, nr. 10, 1960, s. 199.
  3. 3,0 3,1 Harald Hallberg: Norske dekorasjoner. Tildelt med bånd til å bæres på uniform eller sivilt antrekk, Ålgård: Dreyer bok, 2012, s. 237–239.
  4. «Norske dekorasjoner», Kongehuset. Lest 8. november 2015.