Kongressen i USA

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kongressbygget i Washington, DC

Kongressen (engelsk United States Congress) er namnet på den riksdekkjande lovgjevande forsamlinga i Sambandsstatane (USA), med sete i hovudstaden Washington, DC. Kongressen vert utgjort av to kammer, eller «hus»: Senatet har to senatorar frå kvar delstat, i alt 100, medan Representanthuset har 435 sete, som vert fordelte mellom delstatane etter folketalet.

Alle delstatane i USA, bortsett frå Nebraska, har eit liknande kongress-system på delstatsnivå med to kammer.