Kongroar på Mars

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lyse kongroar

Kongroar eller edderkoppar er ei form for geysirar i sørpolområdet til Mars. Dei har storleikar frå nokre titals til hundrevis av meter. Dei vert danna av turris som går over til gassform når vårsola lyser opp lendet. Gassen er fanga under eit islag og dannar sprekker i dette etter som trykket aukar. Gassen slep fri frå desse sprekkene og dreg med seg sandpartiklar som kan gje kongroane ein mørk farge.

Namnet kjem frå at ein del av desse formasjonane kan likna på kongroar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]