Vår

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå Vår (fleirtyding) for annan bruk av ordet «vår»
«Våren» (1907), måleri av Carl Larsson
Tidleg nordisk vår: Finland er fortsatt snødekt, i Noreg er kystområda snøfrie, medan heile det sørlege Sverige er vårgrønt.

Vår er årstida som markerer enden på vinteren og komen til sommaren. I tempererte område er det vanleg å seia at våren byrjar når knoppane på trea brest og, i kaldare område, når snøen smeltar. I meteorologien reknar ein våren som den tida middeltemperaturen er mellom 0 og 10 grader og stigande. Ein kan òg han som ei viss tid: månadane mars, april og maiden nordlege halvkula og september, oktober og novemberden sørlege. I astronomisk tidsrekning byrjar våren ved vårjamdøgn og endar ved sommarsolkverv.

Kva tid våren kjem på, kjem likevel mest an på breiddegraden ein er på, dessutan høgda over havet. I snøfrie område på den nordlege halvkula kan våren koma i februar, medan han ikkje kjem før i juni i polare område og i høgfjellet.

Klimatisk definisjon[endre | endre wikiteksten]

I klimalæra vert gjerne våren definert kvantitativt til den perioden av året då den normale døgnmiddeltemperaturen er mellom 0 og 10 °C og temperaturtendensen er stigande. Etter denne definisjonen varer våren 57 døgn i Oslo og 70 døgn i Tromsø.

Uvêr[endre | endre wikiteksten]

Våren er ei tid der vêret endrar seg. Varm luft frå ekvatornære område møter kald luft frå polane eller enno snøkledde strok nær desse. Då kan ein få ekstremt vêr, alt frå uventa haglbyer (aprilvêr) til snøstormar og orkanar. I USA kjem soleis dei fleste tornadoane om våren. Snøsmelting fører òg til meir vassføring i elver, som i år med mykje nedbør kan leia til flaum. I Noreg er Vesleofsen på Austlandet rundt 1. juni 1995 eit døme.

Vokster[endre | endre wikiteksten]

Krokus og vinterblom ber bod om nytt liv.

Våren er likevel helst ei årstid ein tenker på i samband med von og vokster. Om våren kan ein byrja å planta og sjå at det gror. Våronna tek til i jordbruket. Det er ei tid som kan feirast med grøderitual, som me til dømes ser restar av i moderne påskefeiring.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Hanamifeiring i Japan.
«Våren» av Arcimboldo.

Våren blir feira med ei rekke høgtider. I mange kulturar har det nye året byrja om våren. I Noreg er påsken og 17. mai viktige vårhøgtider. Andre høgtider som høyrer våren til er bulgarsk martenitsa og japansk hanami.

Årstida har òg inspirert kunstnarar, både målarar, som Botticelli og Giuseppe Arcimboldo, komponistar som Grieg og Vivaldi, og eit utal diktarar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Vår


Vår Sommar Haust Vinter Regntid Tørketid
Årstidene