Konkubinat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein kinesisk keisar inspiserer fantasi-fiskeflåten sin saman med konkubinene sine.

Konkubinat er eit eldre namn på utanomekteskapleg samliv mellom to personar av motsett kjønn. Denne samlivsforma var straffbar i Noreg fram til 1972. På 50-talet vart det gjort forsøk på å oppheva lovføresegna, men Stortinget avviste dette. Føresegna var likevel sovande dei siste tiåra fram til ho vart oppheva.

Konkubinat har vore utbreidd i ei rekkje gamle kulturar. I Noreg var det både i vikingtida og den kristne mellomalderen vanleg at kongar og stormenn hadde friller. Før revolusjonen i Kina i 1949 heldt mange framståande personar seg med konkubiner i tillegg til kona si/konene sine.

Konkubinat i moderne tid har gjerne preg av ekteskapsliknande samliv og skil seg dermed mindre frå det formaliserte ekteskapet enn det som tidlegare vart lagt i omgrepet konkubinat.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]