Konsentrasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

I kjemi er konsentrasjon eit mål for mengda av eit stoff i eit gitt volum av ei løysning eller blanding. Ofte vert c brukt som symbol for konsentrasjon. Særleg i likevektskonstantar vert òg [A] brukt for konsentrasjonen av stoffet A.

I løysningar er ein gjerne interessert i konsentrasjonen av løyst stoff. Jo meir stoff som er løyst jo meir konsentrert er løysninga. Når konsentrasjonen er liten snakkar ein ofte om tynne eller fortynna løysningar. Det er særleg vanleg å snakka om fortynna syrer og basar. Det er ei grense for kor mykje av eit stoff som kan løysast i eit bestemd løysemiddel. Når denne konsentrasjonen er nådd er løysninga metta. Held ein fram med å setja til meir stoff, vil det fellast ut.

Einingar for konsentrasjon[endre | endre wikiteksten]

Konsentrasjon kan gjevast i ulike einingar, til dømes:

Konsentrasjonar kan òg gjevast i molbrøkar. Da vert x ofte brukt som symbol. Talet på mol av stoffet vert da delt på det så mange mol stoff det totalt er i løysninga eller blandinga.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]